Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Askvoll

Seks bruer knyter Bulandet og Værlandet saman. Biletet er teke austover mot Værlandet, vi ser Høgkletten (163 m.o.h.) i øvre venstre biletkant. Øya med mykje dyrka areal er Melvær. Nærast ser vi brua over Olssundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Seks bruer knyter Bulandet og Værlandet saman. Biletet er teke austover mot Værlandet, vi ser Høgkletten (163 m.o.h.) i øvre venstre biletkant. Øya med mykje dyrka areal er Melvær. Nærast ser vi brua over Olssundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Opninga av Folkelånsvegen i 1979 vart den viktigaste milepælen for samferdsla i Askvoll: Vegen gav endeleg Askvoll-halvøya ferjefritt vegsamband med omverda. Særleg for Stongfjorden og dei andre grendene i den nordlege luten av kommunen vart det ein heilt annan kvardag då dei fekk vegsamband mot Førde og slapp å køyre den lange rundturen om Dale med ferje over Dalsfjorden for å kome dit. For øysamfunna Bulandet og Værlandet var det eit stort framsteg då seks bruer knytte dei saman i 2003.

Frå den tida hesten var framkomstmiddelet i Holmedal.

Frå den tida hesten var framkomstmiddelet i Holmedal.

Vegar i Askvoll

Heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 var Askvollhalvøya utan vegsamband med omverda. Askvoll var såleis den siste fastlandskommunen i fylket som måtte vente lengst på vegutløying. Og i 2013 kom også brua over Dalsfjorden som bind Askvoll saman med Fjaler.

Bilferja Dalsfjord på Vilnesfjorden på veg frå Askvoll til Værlandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Dalsfjord på Vilnesfjorden på veg frå Askvoll til Værlandet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferdsla på sjøen i Askvoll

I den tida då Fylkesbaat-rutene var ”riksveg nr. 1” i Sogn og Fjordane, var kaia i Askvoll eitt av dei viktigaste knutepunkta for fjordrutene med opptil 26 rutestopp i veka.

Dei første ferje- og bussrutene

Askvoll-halvøya var heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 utan vegsamband med omverda. Biltrafikken til og frå gjekk med ferja over Dalsfjorden frå Eikenes aust for Holmedal.

Geita fyr. Foto: Sven Poulsson, frå boka Norges fyr.

Geita fyr. Foto: Sven Poulsson, frå boka Norges fyr.

Fyrstasjonar i Askvoll

  • Geita fyrstasjon vart bygd i 1897. Geita vart automatisert i 1980 og fråflytta i 1982.
  • Rauøy fyr vart bygt i 1891, nedlagt som bemanna fyr i 1932 og erstatta med to fyrlykter.
  • Sjå også: Fiskerifyra kring Flora.
Rauøy fyr.

Rauøy fyr.

Lokale transportselskap:

  • Ingolv Haaland, starta i 1937 lastebilruter mellom Holmedal, Askvoll og Stongfjorden.
  • Georg Loftheim dreiv frå 1939 drosjebil i Askvoll. Han dreiv også sjuketransport.
  • Tarald Solheim dreiv i åra etter krigen lastebiltransport med vareruterkring Askvoll.
  • Sigmund Vik starta i 1946 drosjekøyring i Askvoll.
  • På 1940-talet var det ikkje mange bilar på vegane i Askvoll, og risikoen for kollisjon var kanskje ikkje så stor. Men her har likevel to drosjebilar støytt saman i ein sving. Foto: Abraham Strømmen. Eigar: Marie Follevåg/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

    På 1940-talet var det ikkje mange bilar på vegane i Askvoll, og risikoen for kollisjon var kanskje ikkje så stor. Men her har likevel to drosjebilar støytt saman i ein sving. Foto: Abraham Strømmen. Eigar: Marie Follevåg/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

    Posten i Askvoll

    Askvoll sentrum fekk postopneri i 1856 med Henrik Paasche som første poststyrar.

    Telefon i Askvoll

    Askvoll fekk telegrafstasjon kring 1885 og rikstelefon i 1903.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.12.2013