Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Helle

Sigmund Helle (1910-1989) frå Holmedal. Industri-grunnleggjar og fabrikkeigar. Grunnla saman med broren Steinar Helle Helle Knivfabrikk i 1932. (Sjå Helle Fabrikker)

Helle Knivfabrikk utvikla seg til hjørnesteinsbedrifter i Holmedal og i Stongfjorden, der det vart starta avdeling i 1963. På det meste hadde Helle 130 tilsette.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1982. Far til Torodd Helle.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.10.2011