Hopp til innhold
X
Innhald

Skotne ned ved Staveneset

På Staveneset er det sett opp to minneplater, den til høgre over dei to norske flygarane, den til venstre over to britiske flygarar som og vart skotne ned der. I midten emblemet til Royal Air Force. Til høgre står Jørgen Stang, som tok initiativet til minneplatene. Foto: Mathias Vågen, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ved kyrkja i Askvoll er det reist eit minnesmerke over to norske flygarar som vart skotne ned den 23. juni 1943 då dei med eit Mosquito-fly gjekk til åtak på ein tysk konvoi ved Staveneset.

Dei to flygarane var løytnant Anton Christopher Hagerup (1919-1943) og kvartermeister og navigatør Just Wiide Meinche Friis (1920-1943). Dei vart gravlagde i Askvoll med full militær honnør frå ein tysk tropp.

Også på Staveneset er det sett opp minneplate der flyet fall ned. Det er og ei minneplate over to britiske flygarar som og vart nedskotne der.

Slektningar til dei to nedskotne flygarane ved minnesmerket ved Askvoll kyrkje etter krigen. Foto: Abraham Strømmen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Slektningar til dei to nedskotne flygarane ved minnesmerket ved Askvoll kyrkje etter krigen. Foto: Abraham Strømmen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.06.2010