Hopp til innhold
X
Innhald

Skulesentralisering i Askvoll

Skulehuset som vart bygt i Straumen i 1921, då tre skulekrinsar vart slegne saman. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset som vart bygt i Straumen i 1921, då tre skulekrinsar vart slegne saman. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1921 skjedde ei av dei første store skulesentraliseringane i Sunnfjord ved at dei tre krinsane Askvoll, Ringstad og Olset vart slegne saman.

I samband med at det kom veg frå brua i Straumen og fram til Olset same året, vart det bygd ein sentralskule like vest for brua som samla elevane frå dei tre krinsane.

Skulekrinsane Eimind og Follevåg vart lagde ned i 1960 då vegen til Askvoll kom, og det vart mogeleg å sende ungane frå dei to grendene til sentralskulen med skulebuss.

Også framhaldsskulen og realskulen (sjå Realskule og gymnasplanar i Askvoll) heldt i mange år til i skulebygget i Straumen, men vart i 1961 flytta til eit nybygg – «Framhald» – som ligg på garden Ask.

Privatskule i Holmedal

I 2005 vedtok Askvoll kommunestyre å legge ned Holmedal skule og flytte dei vel 20 elevane til Askvoll skule. Men foreldra svara på vedtaket med å opprette ein privatskule - Holmedal Montessoriskule.

Holmedal Montessoriskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmedal Montessoriskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2013 vedtok kommunestyret å legge ned Stongfjorden skule og flytte elevane til Askvoll skule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2015