Hopp til innhold
X
Innhald

Skysstasjonar i Askvoll

Sauesund ca. 1900. Gamalt prospektkort.

Sauesund ca. 1900. Gamalt prospektkort.

Handelsstaden Sauesund var ein av skysstasjonane i den gamle ordninga med skyssplikt. Det var også skysstasjonar i Staveneset og i Notaneset i Flokenes ved Førdefjorden.

Næraste skysstasjon sørover frå Sauesund på Atløy var Korssund. Nordover frå Staveneset kunne skyssen gå til Furesund eller Hellevik (sjå: Skysskifta Furesund, Hellevik og Kinnasundet), og frå Flokeneset var næraste stasjon på Tingneset (sjå: Skysstasjonar langs Førdefjorden) i Vevring for embetsfolk som skulle roast inn Førdefjorden.

Etter skyssordninga hadde alle «Kongens menn» og prestar rett til gratis skyss, og skysskaffaren på kvar stasjon hadde den sure plikta å kalle rorskarar inn til den forhatte plikta, som varde heilt til 1816.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.06.2010