Hopp til innhold
X
Innhald

Stafsnes Landhandel

Stafsnes Landhandel heldt til i det raude huset ved kaia i Stongfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stafsnes Landhandel heldt til i det raude huset ved kaia i Stongfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stafsnes Landhandel vart starta i Stongfjorden i 1919 av Hans Stafsnes.
Før hans tid hadde nokre slektningar drive landhandel i Stongfjorden frå rett etter 1900. Dette første firmaet bar dei siste driftsåra namnet Enkefru Stafsnes Eftf.

Hans Stafsnes bygde nytt forretningsbygg ved kaia på 1920-talet, og sonen Sverre Stafsnes dreiv denne butikken fram til 1988.

Om lag på same tid som Sverre Stafsnes la ned, stengde også samvirkelaget si avdeling i Stongfjorden, og gjennom ein folkeaksjon fekk ein starta Stongfjorden handel. – Les meir om dette under Stongfjorden Samvirkelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2010