Stongfjordanleggene A/S

Stongfjordanleggene med ein fiskebåt på beddinga. Foto utlånt av Rønnaug Eliassen.
Etter samanhengande drift sidan 1907, vart aluminumsfabrikken British Aluminium Company (BACO) i Stongfjorden lagt ned i 1945. Delvis som ein kompensasjon for tapte arbeidsplassar, vart industriselskapet A/S Stongfjordanleggene skipa i 1948.

Torolv Solheim
Bak dette selskapet stod Norges Fiskarlag med lokallaga sine på Vestlandet. Tanken i desse etterkrigsåra var å bruke det nedlagde industrianlegget i Stongfjorden som skipsbyggeri og som vedlikehaldsbase for fiskeflåten på Vestlandet. Sosialøkonomen Torolv Solheim vart engasjert som leiar for verksemda i Stongfjorden.
A/S Stongfjordleggene bygde slipp, verkstad og sagbruk. I dei fire åra som selskapet var i drift, vart det bygd fleire fiskebåtar.
P/L Fiskereiskap
Dei gamle bygningane som BACO eigde på kaia, vart nytta av eit anna fiskarlagseigd selskap som heitte P/L Fiskereiskap. Her var det notverkstad og korkfabrikk.
På det meste sysselsette dei to fiskarlagseigde verksemdene over 70 personar. Stongfjordanleggene A/S gjekk konkurs i 1952. Då fiskarlaget trekte seg ut, måtte kring 200 menneske flytte frå Stongfjorden.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 15.06.2010