Hopp til innhold
X
Innhald

Stongfjorden bedehuskapell

Stongfjorden bedehuskapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stongfjorden bedehuskapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stongfjorden bedehuskapell vart bygt som bedehus i 1908, året etter at det første aluminiumsverket i Norden vart starta i bygda.

Frå 1911 heldt Askvoll-presten to årlege gudstenester på den nye industristaden, og bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1914. Men det var framleis berre tale om eit bedehus då 2. verdskrig kom, og tyskarane tok seg difor til rette i bygget og nytta det til sine føremål så lenge krigen varde.

I 1949 vart det bygd ein mellombels klokkestopul, slik at gravplassen kunne takast i bruk, og i 1970 fekk huset tilbygg med kor og sakristi, slik at huset kunne kallast kapell. I 1971 fekk kapellet klokketårn.

Men i 2014 vart det vedteke å legge ned Stongfjorden bedehuskapell. Frå 1. august dette året blir kapellet berre brukt til gravferder.

Innviinga av Stongfjorden bedehus 20. september 1908. Foto: Paul Stang. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Innviinga av Stongfjorden bedehus 20. september 1908. Foto: Paul Stang. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.06.2014