Hopp til innhold
X
Innhald

Stongfjorden middelskule

Stongfjorden middelskule heldt til i Messa til venstre i dette biletet. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stongfjorden middelskule heldt til i Messa til venstre i dette biletet. Foto: Paul Stang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stongfjorden middelskule vart starta i 1933 med seks elevar. Det var foreldra til elevane som fekk starta skulen.

Skulen heldt til i husvære i Messa som aluminiumsverket til BACO stilte gratis til rådvelde. Både denne skulen, framhaldsskulen og barneskulen i Stongfjorden fekk gratis husvære, læremiddel og bøker av aluminiumsverket, og vart difor kalla Stongfjorden Bruksskule.

Middelskulen tok opp berre to kull før den vart lagt ned p.g.a. ein tuberkuloseepidemi som råka bygda midt på 1930-talet. Lærarar ved middelskulen var først student (seinare lege) Lauritz Skorpen og deretter Gerhard Råheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.06.2010