Hopp til innhold
X
Innhald

Stongfjorden Samvirkelag

Stongfjord Daglegvarer i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stongfjord Daglegvarer i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stongfjorden Samvirkelag vart skipa i 1929. Butikken heldt dei første åra til i eit hus som vart kalla «Tipperary». I 1936 bygde samvirkelaget eige forretningsbygg, og John og Ragnvald Dørhellen tok over ”Tipperary” som snikkarverkstad. Seinare vart bygget ombygd til utleigehytte.

Samvirkelaget i Stongfjorden vart etter nokre år skipa om til ei avdelinga av Askvoll Samvirkelag, før det vart lagt under Førde Samvirkelag.

Samvirkelags-avdelinga i Stongfjorden vart lagd ned i 1987, og dermed stod bygda i fåre for å verte utan daglegvarebutikk. Etter ein folkeaksjon vart AS Stongfjorden Eigedomsselskap skipa, og dette kjøpte ein sentrumseigedom som tidlegare hadde tilhøyrt Arne Stang.

Her starta så Jon Noven Stongfjorden Handel i 1987. Etter kring tre års drift overlét Noven butikken til Arnljot Berge Stang som dreiv butikken i eit par år før Roy Ove Wiik overtok. Etter kring fem års drift overlét Wiik butikken til ekteparet Runa og Rolv Kjøsnes. I 2001 overtok Kjersti Gandrud, og endra no namnet på butikken til Handlekorga. Seinare fekk butikken namnet Stongfjord Daglegvarer.

Drifta av Stongfjord Daglegvarer stansa i 2010, men same året tok eit nytt selskap med Arnljot Berge Stang som leiar over og starta på ny under namnet Tipperary, etter det første huset Stongfjorden Samvirkelag heldt til i.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.03.2010