Hopp til innhold
X
Innhald

Størdal & Co. landhandel

J. K. Størdal Eftf. i Holmedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

J. K. Størdal Eftf. i Holmedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Størdal & Co. landhandel vart starta i 1919 i Holmedal av Johannes Størdal og svigerinna Øygunn Vik.

I 1922 vart Johannes Størdal eineeigar og kalla butikken J. K. Størdal ass. Landhandel. Sonen Ottar Størdal tok over i 1940 og bygde ny forretning i 1957. Denne vart utvida i 1976 og 1983. Sonen Reidar Størdal tok over drifta i 1987. Butikken har fått namnet J. K. Størdal Eftf. Reidar Størdal. Dette er i 2005 den einaste daglegvarebutikken som er att i Holmedal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2010