Hopp til innhold
X
Innhald

Store fuglereservat i Askvoll

To ender spaserer på våtmarksområdet i Kyllaren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

To ender spaserer på våtmarksområdet i Kyllaren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På utskjera i Askvoll kommune ligg nokre av dei mest verneverdige hekkeområda for sjøfugl i Sogn og Fjordane, og Kyllaren og Askvika ved Askvoll er ei av dei største og viktigaste våtmarkene på trekkrutene for vadefuglar i Skandinavia.

Våtmarkene i Kyllaren og Askvika

Aust for Askvoll sentrum ligg eitt av dei største våtmarksområda i Noreg. Ut mot fjorden i vest heiter det Askvika. Så smalnar det inn til ein 2,5 kilometer naturleg kanal som heiter Straumen. Midt i Straumen er det ei utviding som heiter Leira, og lengst nord ligg den grunne sjøpollen Kyllaren som er 1,2 kvadratkilometer lang. Rotningsprosessane i mudderet på sandstrendene fører ofte til at det boblar opp illeluktande gass frå dei grunne vikane.

Våtmarksområdet Kyllaren sett frå Straumen mot nord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Våtmarksområdet Kyllaren sett frå Straumen mot nord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Kyllaren og Askvika er det registrert i alt 130 artar, derav 60 artar våtmarksfugl. Fleire av desse artane overvintrar der. M.a. er det registrert 17 andefuglartar, derav fire artar gås. Av vadefuglande er tjeld, vipe og myrsnipe dei mest talrike. Men ein har også registrert sjeldne polare artar som dverglo, tundralo, polarsnipe, dobbeltbekkasin, sotsnipe og gluttsnipe som mellomlandar her på trekket mellom sørlegare strok og tundraen ved Nordishavet.

Fordi våtmarkene er av vital betydning for m.a. vadefugl på trekk, vart heile våtmarksområdet frå og med Kyllaren til og med Askvika verna i 1991. Heile området blir no kalla Askvika våtmarksområde.

Askvika med brua som vart bygd trass i hard motstand i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvika med brua som vart bygd trass i hard motstand i 1987. Foto: Ottar Starheim, NRK.

For bygdefolket har denne grunne «fjordarmen» aust for Askvika vore eit kommunikasjonsmessig hinder mellom Olset-området og Askvoll sentrum. Den første brua vart bygd over Straumen mellom Kyllaren og Askvika på 1880-talet, og over Askvika lengst sør-vest vart det etter mykje strid og interessekamp bygd veg over ei fylling i 1987. I fyllinga er det ei opning som skal sleppe sjøvatnet gjennom ved flo og fjære.

Tjelden er mellom sjøfuglane som treng vern på kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tjelden er mellom sjøfuglane som treng vern på kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sørværet fuglereservat

I tillegg til Askvika våtmarksområde er nokre småøyar og holmar sør for Værlandet verna som våtmarksreservat: I Sørværet naturreservat finn ein m.a. lyngheier og myrar som trekkjer til seg vadefuglar og andefuglar.

Sørværet. Foto: Steinar Lote, NRK.

Sørværet. Foto: Steinar Lote, NRK.

Sjøfuglreservata

I Sogn og Fjordane vart det i 1993 oppretta til saman 57 sjøfuglreservat. 15 av desse ligg i Askvoll kommune, og Askvoll er dermed den kommunen som har dei fleste reservata for sjøfugl i fylket: Dei tre viktigaste sjøfuglreservata i Askvoll er Moldvær, Ryggsteinen og Håsteinen lengst vest i havet ved Atløy. På Ryggsteinen og Håsteinen er det dessutan registrert mykje kobbe.

Dei andre 11 sjøfuglreservata i Askvoll er: Smelvær, Kuøyna, Svarteskjæret, Senholmen, Skardholmen, Kvitingane, Bunesholmane, Raudøy, Krokholmen, Kvannholmen, Flatøy og Prestholmen.

Kart over sjøfuglreservat og våtmarksområde i Askvoll. Kartet er utlånt av Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kart over sjøfuglreservat og våtmarksområde i Askvoll. Kartet er utlånt av Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.06.2010