Hopp til innhold
X
Innhald

Store tyskarfestningar kring Askvoll

Slike kanonar var plasserte på Eimind. Biletet er frå Hjeltefjorden.<br> Foto: Kystartilleriet, frå boka Fronten er kysten!

Slike kanonar var plasserte på Eimind. Biletet er frå Hjeltefjorden.
Foto: Kystartilleriet, frå boka Fronten er kysten!

Området kring Askvoll vart etter kvart eit av dei sterkast befesta kystområda i Sogn og Fjordane: Frå Kinn til Nordre Solund vart det lagt eit samanhengande minebelte, og på Flokeneset og Eimind vart det bygt store kystfort med sterke kanonar.

Sjølve Askvoll hamn var sikra med to 75 mm kanoner som seinare vart flytta til Hyllestad. På sørsida av Vilnesfjorden låg det store festningar på Lammetun og Fureneset (sjå: Krigshistoria i Fjaler) som skulle sikre innløpet til Dalsfjorden.

I sjølve Askvoll var det eigen «Hafenkapitän» - hamnekaptein og sette i gang ei stor utbygging av kaia. Dei tyske soldatane tok både gamleheimen og kommunehuset i bruk som soldatbrakker. Også på Herland låg det ein tysk vaktstyrke.

Radar på Sandøy

Ytst i Bulandet, på Sandøy måtte folk vike plass for ein stor radar.

Rakettar på Røyset?

I Biskopshavn på Røyset like nord for Askvoll hadde tyskarane eit svært hemmeleg anlegg.

Tyskarfestninga på Flokenes

Flokenes ligg strategisk til, og der bygde tyskarane opp ei stor festning.

Kystfortet på Eimind

hadde kontroll med innløpet til Stongfjorden og trafikken gjennom Granesundet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010