Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Bakke

Sportsleg leiar i Sogndal IL Fotball. Hadde i 1999 eit engasjement i den engelske fotballklubben Wimbledon.

Svein Bakke (1953-2015) frå Holmedal, busett i Sogndal. Fotballspelar. Han var ein sentral spelar då Sogndal kom til cupfinalen mot Brann i 1976, og til 1. divisjon (dåverande eliteserie). Han hadde og kampar for landslaget. For Sogndal spela han over 500 kampar og skåra 321 mål på i alt 19 sesongar for klubben.

Han vart seinare sportsleg leiar i Sogndal IL Fotball og var sentral i arbeidet med å byggje opp klubben til ein av dei mest veldrivne i landet.

Han hadde i 1999 eit engasjement i den engelske fotballklubben Wimbledon.

Far til landslagsspelar og Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.12.2015