Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Helle

Svein Helle. Foto: Ingunn Osland, Firda.

Svein Helle. Foto: Ingunn Osland, Firda.

Svein Helle (1942-2006), frå Holmedal. Siviløkonom og industrileiar. Son av den eine av brørne som grunnla Helle knivfabrikk i 1932, Steinar Helle (sjå Helle Fabrikker). Overtok som administrerande direktør i A/S Helle Knivfabrikk i 1968 og var leiar til 2004.

Helle har hatt styreverv i NHO Sogn og Fjordane og i industrigruppa i Dalsfjorden, og vore medlem av kommunestyra i Fjaler i 12 år og seinare i Askvoll i to år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011