Hopp til innhold
X
Innhald

Teglverk i Askvoll

Frå Helle Teglverk: Innstuing av tørka murstein som skal brennast. Frå brennkammeret går det små hol opp til toppen av omnen. Foto © Kjell Eikemo.

Frå Helle Teglverk: Innstuing av tørka murstein som skal brennast. Frå brennkammeret går det små hol opp til toppen av omnen. Foto © Kjell Eikemo.

Store leireforekomstar la grunnlag for skiping av Helle Teglverk A/S i 1895 og A/S Vårdal Teglverk i 1897. Dei to verka låg ikkje så langt ifrå kvarandre, eit stykke vest for Holmedal.

Bergensk gründer

Det var ein av dei fremste industribyggjarane i fylket, bergensaren Industrigründeren Johan Jensen|Johan Jensen, som grunnla Helle Teglverk. Den allsidige Fjaler-ordførararen og seinare stortingsmannen David O. Bakke frå Holmedal var ein sentral pådrivar til at det vart bygt teglverk i Vårdal eit par år etter at drifta starta på Helle.

I 1902 vart Jørgen Helgerud styrar ved teglverket i Vårdal. Han hadde tidlegare styrt eit teglverk i Sandefjord.

Helle Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Helle Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Konkurs og ny eigar

I 1907 gjekk teglverket på Helle konkurs. Jørgen Helgerud kjøpte buet, installerte elektrisk straum og moderniserte produksjonen slik at steinforminga gjekk automatisk. Han skaffa også gravemaskin i leirbrotet, som låg like ovanfor fabrikken. Sonen Rolf Sigurd Helgerud tok over som leiar av verksemda då faren pensjonerte seg.

Vårdal Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Vårdal Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Dårleg råstoff og ujamn drift

På det meste hadde kvart av dei to teglverka opptil 40 arbeidarar. Men produksjonen vart mykje driven som sesongarbeid når byggjeaktiviteten var stor om våren og sommaren. Om vinteren var det liten eller ingen aktivitet. Dette gjorde at det på 1950-talet vart vanskeleg å skaffe arbeidsfolk.

Og når leirekvaliteten heller ikkje var den beste, førde dette til at aktiviteten ved verket i Vårdal vart sterkt redusert utover 1960-talet. Nye byggjeprodukt som sementstein og Leca konkurrerte ut steinen frå Dalsfjorden. Vårdal Teglverk vart lagt ned i 1970. Helle Teglverk overtok eigedomane, men også dette teglverket vart lagt ned i 1978.

Dei tilsette på Vårdal Teglverk i 1910.

Dei tilsette på Vårdal Teglverk i 1910.

Kulturminne brann ned

Ei stund etter at Vårdal Teglverk vart lagt ned, brann mykje av bygningen ned og tomta vart rydda.

Heile bygningen til Helle Teglverk vart totalskadd av brann under restaurering i 1993. Planen var å ta vare det gamle teglverket med omnar og fabrikkpipe som kulturminne.

Helle Teglverk brenn i 1993. Foto: Kjell Eikemo.

Helle Teglverk brenn i 1993. Foto: Kjell Eikemo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011