Telefon i Askvoll

Ruth Haugen, Åse Haugen og Hildur Follevaag på telefonsentralen i Askvoll i 1960. Foto frå samlinga etter Arnfinn Follevåg.
Askvoll fekk telegrafstasjon kring 1885, og rikstelefon i 1903.
Telefonstasjonen flytta inn i nytt hus i 1933, og i 1958 flytta telefonstasjonen inn i det nye sparebankbygget. Askvoll vart automatisert i 1983 i samband med at det nye telehuset i Askvoll stod ferdig.
Holmedal
fekk rikstelefon i 1903. Stasjonen kom i samdrift med postkontoret frå 1928. Holmedal vart automatisert i 1983.

Holmedals Dampbageri i 1910. På huset er det skilt for både post og rikstelefon. I tillegg ser vi at ein skomakar A. Isaksen hadde verkstad i huset. Foto utlånt av Kjell Eikemo.
Værlandet
fekk rikstelefon i 1906. I nokre år etter dette veksla telesambandet til Værlandet litt mellom telegraf og telefon. Værlandet vart automatisert i 1983.
Bulandet
fekk rikstelefon i 1906. Automatisert i 1976.
Hindøy
fekk rikstelefon i 1906.
Sauesund
fekk rikstelefon i 1906. Automatisert i 1983.
Hegrenes
fekk rikstelefon i 1907.

Stongfjorden fekk rikstelefon i 1907. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Stongfjorden
fekk rikstelefon i 1907. Automatisert i 1970.
Herland
fekk rikstelefonstasjon i 1921 og fekk samdrift med postopneriet der frå 1927. Telefonen vart automatisert i 1983.
Vilnes
fekk rikstelefon i 1922.
Stubseid
fekk rikstelefon i 1923.
Alden
fekk rikstelefon i 1932.
Fossevik
fekk rikstelefon kring 1936.

Folk på Alden fekk telefon i 1932. Slik tek den særmerkte øya seg ut frå Leknessund i Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.06.2010