Hopp til innhold
X
Innhald

Telegrafistar og tortur på Staveneset

Gestaposkøyta er innom Askvoll på veg frå Staveneset til Høyanger etter arrestasjonane i mars 1945. I midten står Oddny og Anton Hollevik som vart arresterte og torturerte. Til høgre er Georg Esswein og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer. Fremst til venstre står to menn frå Fure. Foto: Abraham Strømmen. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gestaposkøyta er innom Askvoll på veg frå Staveneset til Høyanger etter arrestasjonane i mars 1945. I midten står Oddny og Anton Hollevik som vart arresterte og torturerte. Til høgre er Georg Esswein og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer. Fremst til venstre står to menn frå Fure. Foto: Abraham Strømmen. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I fleire veker i 1944 dreiv den unge kvinna Oddny Saltskår på Staveneset eit dobbeltspel med livet som innsats. Det enda til slutt med arrestasjon og grov tortur av Gestapo i Høyanger

Illegale radiotelegrafistar opererte i lange periodar frå ymse skjulestader i Askvoll, m.a. i Staveneset. Dei første agentane kom dit i november 1941. Obervasjonsposten og radiosendaren vart plassert opp i Storura over garden på Staveneset.

Etter opprullinga i Tælavåg, som m.a. råka Bulandet og Værlandet i 1942 (sjå: Massearrestasjonen på øyane), kjende både agentane i ura og bonden Chester Saltskår på Staveneset seg utrygge. Difor vart agentane og Saltskår-familien med Chester, kona kona Petrine og sonen Harald henta over til Skottland med eit alliert sjøfly 23. mai 1942. Systera Oddny Saltskår og kjærasten Anton Hollevik tok seg av garden heime på Staveneset.

Petrine, Harald og Chester Saltskår i 1941. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Petrine, Harald og Chester Saltskår i 1941. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Radiospionar i steinura

I august 1944 kom det nye agentar med radiosendar - først til Illevikbotn, før dei flytta til Storura i Staveneset. Dei to var Dagfinn Ulriksen og Ivar Møller.

Litt seinare på året vart lasteskipa «Lynx» og «Tyrifjord» bomba av allierte fly utanfor Staveneset - sjå: Mange skip senka kring Askvoll. «Tyrifjord» kom i brann, men berga seg inn på Askvika. «Lynx» vart køyrd i land på Staveneset for ikkje å søkkje på djupt vatn. Kapteinen på «Lynx» vart sett att for å passe på at skipsvraket ikkje vart plyndra, og budde då i huset hos Oddny Saltskår.

Dobbeltspel

Om natta medan kapteinen sov, kom dei to agentane ned frå ura for å hente mat og mjølk hos Oddny på garden. Etter angiveri kringsette tyskarane garden på Staveneset i mars 1945 og arresterte både Oddny Saltskår, kjærasten Anton Hollevik og broren Hans Hollevik. Oddny og Anton vart hardt torturete m.a. av Gestapo-sjefen i Høyanger, Helmut Klötzer (sjå: Klötzer vert sjef), før dei vart sende til fangeleiren Espeland ved Bergen, der dei sat til frigjeringa i mai 1945.

Hans Hollevik, Oddny Saltskår og Anton Hollevik etter at dei vart sette fri i maidagane i 1945. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Hans Hollevik, Oddny Saltskår og Anton Hollevik etter at dei vart sette fri i maidagane i 1945. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Innsatsen heidra

Chester Saltskår vart dekorert for krigsinnsatsen med King George VI's Medal for courage, St. Olav-medaljen, Kong Haakon VII's medalje og deltakar-medaljen.

I eit lite museum har Olav Saltskår m.a. teke vare på straumaggregatet som agentane i ura nytta til radiosendaren sin.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2011