Hopp til innhold
X
Innhald

Th. Dalsøren

Th. Dalsøren i 1918. Foto: Abraham Strømmen

Th. Dalsøren i 1918. Foto: Abraham Strømmen

Th Dalsøren landhandel og bakeri i Askvoll vart grunnlagt i 1919 av Thomas Dalsøren (fødd 1884) frå Dale i Luster. Han kom til Askvoll i 1906 som bakar på K. Olsen Bageri , nokre år seinare starta han eige bakeri. I 1918 bygde han hus der han fekk plass til både landhandel og bakeri. I 1937 vart forretningslokalet utvida, og han hadde også fleire sjøbuer på eigedomen. Sønene Adolf, Johan, Thorleif og Reidar kom med i forretningsdrifta.

Dalsøren-butikken husar i 2010 Askvoll Sjømat & Delikatesser. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dalsøren-butikken husar i 2010 Askvoll Sjømat & Delikatesser. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

KIWI-butikk

Då Thomas Dalsøren døydde i 1937, tok enkja Thea over den daglege leiinga, og då Thea døydde i 1954 vart sonen Adolf dagleg leiar. I 1988 vart Dalsøren-butikken flytta til leigde lokale lengre aust i Askvoll sentrum. Butikken vart seinare knytt til KIWI-kjeden med Adolf Dalsøren sin son Egil Dag og Reidar sin son Knut som eigarar og med namnet A/S Dalsøren. I 2010 vart butikken seld ut av Dalsøren-familien, og KIWI overtok som eigar.

A/S Dalsøren i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A/S Dalsøren i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Treft under flyåtak

Under eit flyåtak på Askvoll under 2. verdskrig vart Dalsøren-huset treft av 16 prosjektil utan at nokon kom til skade. Thea Dalsøren var aktiv motstandskvinne under 2. verdskrig. Den ni år gamle sonesonen Trygve Dalsøren, sonen til Adolf Dalsøren, vart hausten 1944 drepen av ei landmine på Røyset (sjå Krigshistoria i Askvoll).

Delikatesseforretning

Etter å ha stått tomt i mange år vart den gamle landhandelen til Th. Dalsøren restaurert og i 2010 teken i bruk som lokale for Askvoll Sjømat & Delikatesser, starta av brørne Eirik og Helge Loftheim. I 2013 vart Askvoll Sjømat & Delikatesser kåra til Askvolls beste ambassadør.

Den gamle landhandelen er omskapt til sjømat- og delikatesseforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle landhandelen er omskapt til sjømat- og delikatesseforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2016