Hopp til innhold
X
Innhald

Tyskarfestninga på Flokenes

Narrekanon av stokkar og kryssfinér på Flokenes.

Narrekanon av stokkar og kryssfinér på Flokenes.

Tyskarane bygde den store festninga på Flokenes frå hausten 1941. Dei rekvirerte alle bustadhus i nærleiken, og fem huslydar fekk berre 14 dagar på seg til å kome seg unna.

Kanon som sto på Flokenes.

Kanon som sto på Flokenes.

Dei første kanonane kom på plass på Storehaugen på Flokenes i oktober 1941 etter at tyskarane hadde bygt ein 1.100 meter lang veg til stillinga. Dei hadde mellombelse stillingar fram til årsskiftet, då fortet på Storehaugen stod ferdig. Fire franske 105 mm kanoner som kunne råke mål på 11.400 meters avtastand var hovudskytset, og elles strutta fortet av panservernkanoner, luftvernkanoner og mitraljøser. Her som på dei fleste forta sine, bygde tyskarane narrekanonar av tømmerstokkar og kryssfinér for å narre fienden.

Offiserbrakka på Flokenes.

Offiserbrakka på Flokenes.

Sperra innløpet

Frå Flokenes kunne tyskarane sperre innløpet til Førdefjorden og skyte mot sjømål på Stavfjorden. Kommandoplassen låg i ein bunker, og bakanfor stillingane vart det m.a. bygt mannskapsbrakker og kjøkken med messe. Truleg var det kring 88 offiserar og soldatar ved det tyske fortet på Flokenes. Her var det også planen å byggje eit større fjellanlegg, men dette vart ikkje tyskarane ferdige med før fortet vart nedlagt i april 1944 og batteriet overført til Blålid-fortet ved Måløy.

Fann ikkje minene

Fortet på Flokeneset var sikra med 2961 miner. Etter krigen fann ein ikkje att alle minene, og i 1952 vart eit usikkert område inngjerda. Først i 1961 vart området rekna som sikkert og gjerdet teke bort. Nokre av kanonane frå Flokenes vart flytta til Hegra festning i Trøndelag.

Kart over festningen på Flokenes. Frå boka Fronten er kysten!

Kart over festningen på Flokenes. Frå boka Fronten er kysten!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.06.2010