Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Askvoll

Aften ved Stavenes heiter dette måleriet av Amaldus Nielsen. Det er nok mange fiskarkvinner som har stått som denne kvinna og sett utover havet og venta på at fiskarane skal kome heim. Farvatnet utanfor Askvoll er lumskt, og det er mange som aldri kom seg i land att. © Blomqvist Kunsthandel.

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne og ulukker under særlege omstende tekne med. . Kjeldetilfanget gjer nok at versynet er ikkje komplett, særleg når det gjeld ulukker på sjøen.

1715

I 1715 drukna far og to søner frå Askvoll på Stavfjorden då dei var på heimveg med ved og trevirke i båten.

1723

I 1723 drukna to systre då ein båt kvelva på Askvika. Dei to var på heimveg vestover etter ei kyrkjeferd til Holmedal. Tre andre i båten berga seg.

1739

I 1739 drukna ei kvinne og to menn frå Melvær og ein ung gut frå Værlandet i same ulukka. Omstenda er ikkje kjende.

1740

I 1740 drukna ein mann frå Atløy saman med drengen og ei tenestejente, truleg på veg til kyrkje.

Utsyn frå toppen av Alden mot den sørlegaste delen av Værlandet. I farvatnet mellom øyane drukna seks menneske i 1767. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Utsyn frå toppen av Alden mot den sørlegaste delen av Værlandet. I farvatnet mellom øyane drukna seks menneske i 1767. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Dåpsfylgje på seks drukna

I desember 1767 drukna eit dåpsbarn og tre menn og to kvinner mellom Værlandet og Alden då dei var på veg til kyrkje for å døype barnet.

1793

I 1793 drukna far og son og ein tenestedreng frå Atløy under vårfisket.

1861

I 1861 omkom ei kvinne i eit snøskred på garden Skorva.

1869

I 1869 omkom ei kvinne og ein gut i Olssundet då dei havarerte under transport av lyng frå ein av holmane.

Seks bruer knyter Bulandet og Værlandet saman. Biletet er teke austover mot Værlandet, vi ser Høgkletten (163 m.o.h.) i øvre venstre biletkant. Øya med mykje dyrka areal er Melvær. Nærast ser vi brua over Olssundet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

1870

Kring 1870 omkom fire menn frå Bulandet under fiske ved Sengskjera.

1870

Kring 1870 omkom to gutar frå Bulandet under fiske ved Buesteinane.

1870

Kring 1870 omkom seks mann på to fiskebåtar heimehøyrande på Bulandet under sildefiske.

1874

Kring 1874 drukna tre menn då dei kollsigla i Aldeosen, to skysskarar frå Olset og ein omreisande emissær.

Opne robåtar var framkomstmiddelet anten folk skulle finne føde eller når noko skulle feirast, og av og til gjekk det gale. Men på dette biletet frå Holmedal er det rein idyll. Foto utlånt av Kjell Eikemo.

1880

Kring 1880 omkom ei kvinne og ei jente under taresanking ved Klovneskjæret.

1880

Kring 1880 omkom tre menn frå Herland under draging av laksenotilar ved Atløy.

Modige kvinner berga sju

I 1885 forliste skonnerten ”Gugner” frå Tønsberg i eit overhendig uvér i Nordsjøen.

1894

Andre juledag 1894 drukna to kvinner og ein mann då dei kollsigla på heimveg frå messe i Vilnes-kyrkja. Ein gut berga seg på kjølen.

1917

I 1917 forliste D/S «Ramfos» med eit mannskap på 30 vest for Sandøy. Øyfolket berga 29, og 15 fiskarar fekk medalje for edel dåd.

1927

I 1927 brann to arbeidarbustader ved aluminiumsverket A/S Stangfjord Elektrokemiske Fabriker ned til grunnen, og ni familiar med i alt 50 menneske vart huslause. Brannen starta etter feil bruk av bensin i staden for olje på eit kokeapparat. Folk måtte hoppe ut av vindauga for å berge seg, men ingen kom til skade.

Hurtigrutetragedien ved Staveneset

Den 29. oktober 1929 grunnstøytte det største passasjerskipet i Noreg ved Staveneset i regn og sørvestleg storm.

1939

Den 7. juni 1939 omkom ein far og to søner frå øya Smelvær under hummerfiske i dårleg vêr vest av øya.

1977

Veslejulaftan 1977 omkom fire unge kvinner frå Askvoll då dei køyrde ut i Jølstravatnet ved Juklestad.

1990

I oktober 1990 miste to menn frå Bulandet livet då taretrålaren "Noralg" havarerte ved Geita fyr. Sjå og Helikopterulukka i Alden.

Helikopterulukka i Alden

I oktober 1990 omkom fem personar då eit helikopter havarerte i det høge fjellet på Alden.

2013

I januar 2013 omkom ein 25 år gamal mann då dumparen han køyrde rasa i sjøen frå veganlegget til Dalsfjordbrua på Eikenes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 11.12.2015