Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomsskulen i Askvoll

Askvoll skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Askvoll skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomsskulen i Askvoll var først sentralisert - og deretter desentralisert.

Askvoll innførte linedelt ungdomsskule i 1967. Då var det bygt sentralskule i Askvoll og elevane som kom frå øyane, sørsida av Vilnesfjorden og andre fjerntliggjande bygder, vart innkvarterte på internatet som vart bygt på Ask. Dette vart seinare nytta som aldersheim etter at internattida var omme. På 1970-talet starta ei desentralisering av ungdomsskulen i Askvoll. Dei første bygdesamfunna som fekk eigen, lokal ungdomsskule var Bulandet/Værlandet i 1976.

I 1983 fekk sørsida eigen ungdomsskule i Våge. (Denne sørsida vart i 1990 skilt frå Askvoll og lagt til Fjaler kommune). I 1984 fylgde skulen i Gjelsvik for dei nordlegaste bygdelaga mot Førdefjorden.

Den gamle sentralskulen dekkjer etter dette bygdelaga kring Askvoll, Holmedal, Stongfjorden og på Atløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.06.2010