Værlandet Fiskeredskap AS

Værlandet Fiskeredskap. Foto: Trude Bakke, NRK.
Værlandet Fiskeredskap AS i Værlandet vart starta på eit sjøbuloft i 1996 av Audun Oddekalv, Sølvi Blom, Magni Blom Landøy og Geir Landøy. I 2010 held Værlandet Fiskeredskap til i et nybygg på 1000 kvadratmeter, der det og er såkalla garnhotell, der garna til fiskebåtar blir lagra. Verksemda omset garn og anna utstyr til fiskeflåten og hadde i 2010 sju tilsette.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 12.08.2010