Hopp til innhold
X
Innhald

Værlandet Handel

Værlandet Handel ved ferjekaia.

Værlandet Handel ved ferjekaia.

Ivar Brosvik starta landhandel og fiskemottak i Værøyhamn på Værlandet på 1930-talet. Då han døydde på 1950-talet overtok Jon Fedøy butikken. Etter han leigde Ingebjørg Vesterås lokala og dreiv butikken fram til 1999, då Arnt Henning Blom kjøpte verksemda. Han bygde i 2003 ny butikk ved ferjekaia. Værlandet Handel er knytt til Joker-kjeda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2010