Veg over Straumen og Askvika

Askvika med brua som vart bygd i 1987 etter protestar frå naturvernhald. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Aust for Askvoll sentrum ligg eitt av dei største våtmarksområda i Noreg. Ut mot fjorden i vest heiter det Askvika. Så smalnar det inn til Straumen, og går nordover i ein lang og grunn fjordarm som heiter Kyllaren.
Fordi våtmarkene er av vital betydning for m.a. vadefugl på trekk, vart våtmarksområda verna i 1982. Men for bygdefolket har denne grunne «fjordarmen» vore eit kommunikasjonsmessig hinder mellom Olset-området og Askvoll sentrum.
Første brukrav i 1857
Første gongen det vart reist krav om veg bru over Kyllaren, var i 1857. Folk i Straumen og Loftheim baud seg til å yte dugnadsinnsats for å få brua over Straumen bygd. Men den kom ikkje før på 1880-talet i samband med at det vart bygd veg frå Askvoll sentrum til Eidsvika ved Eidsfjorden.
Nye bruer
Ny bru vart bygd ca. 1910 på den staden der riksvegbrua ligg i dag. Brukara er fundamenterte på einestokkar, slik at dei ikkje skal sige i leira.
Fylling over Askvika
Etter langvarige konfliktar mellom naturvern og kommunen vart det bygd vegsamband med bru og steinfylling over Askvika lenger sørvest i 1987.

Brua over Straumen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 18.06.2010