Veg Værlandet-Bulandet

Brusambandet sett austover mot Værlandet. Heilt i framgrunnen Nikøy i Bulandet. Den næraste brua vi ser er Olssundet bru, den andre er Ytre Melværsund bru. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Veganlegget mellom øysamfunna Værlandet og Bulandet vart opna i desember 2003 og omfattar totalt 6,5 kilometer veg med seks bruer og kosta 190 millionar kroner.
Vegen går over Langøysundet bru (57 meter), Olssundet bru (212 meter), Brattholmsundet bru (60 meter), Guriøya bru (32 meter), Ytre Melværsund bru på totalt 317 meter med fire spenn (78 – 115 – 43 – 81 meter) og Indre Melværsund bru på totalt 234 meter med tre spenn (30 – 120 – 84 meter).
I 2006 vart veganlegget tildelt «Vakre vegars pris» frå Vegdirektoratet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 18.06.2010