Vegane på Atløy

Vegen til Herland var ferdig i 1965. Foto: Malene Vilnes, NRK.
Heilt fram til etterkrigstida var vegnettet på Atløy prega av korte vegstubbar i dei einskilde grendene. Den einaste vegen som var av noko lengde, var vegen frå Vilnes kyrkje til Handelsstaden Sauesund.
Like etter krigen vart det lagt fram planar om å byggje ein «ringveg» rundt heile øya, og såleis gje samtlege bygder innbyrdes samband. Den viktigaste vegstrekninga mellom Vilnes og Herland var ferdig kring 1965, men resten av ringvegen på vestsida av øya mellom Herland og Høyvik vart skrinlagd. I staden vart det bygt veg nordover frå Gjervik, der ferjeleiet ligg, og til Høyvik i 1975.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 18.06.2010