Hopp til innhold
X
Innhald

Vegar i Askvoll

Folkelånsvegen aust for Heilevang med Kvammen i bakgrunnen og Heilevangstaurane kneisande til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Folkelånsvegen aust for Heilevang med Kvammen i bakgrunnen og Heilevangstaurane kneisande til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 var Askvollhalvøya utan vegsamband med omverda. Askvoll var såleis den siste fastlandskommunen i fylket som måtte vente lengst på vegutløying.

Veg over Straumen og Askvika

Eitt av dei største våtmarksområda i Noreg var lenge eit kommunikasjonsmessig hinder i Askvoll.

Vegane på Atløy

Heilt fram til etterkrigstida var vegnettet på Atløy prega av korte vegstubbar i dei einskilde grendene.

Leknes fekk veg til Kvammen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Leknes fekk veg til Kvammen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vegen Kvammen-Gjelsvik-Hegrenes

ved Førdefjorden vart bygt i 1910. Litt seinare vart det bygt veg frå Kvammen til Leknes vestanfor og til Løvik på austsida av Kvammen - «halvøya».

Veg frå Straumen

til kaia på Olset vart bygt i 1921, og same året vart sentralskulen for Askvoll like ved Straumen teken i bruk (sjå: Skular i Askvoll).

Vegen Gjelsvik-Selvik

vart opna i 1925.

Veeng Grimelid-Stubseid

Vegen over høgda frå Stubseid ved Stongfjorden til Grimelid ved Stavfjorden vart opna i 1926. Dette gav den tidlegare gruvebygda Grimelid betre samband til industristaden Stongfjorden.

Vegen Askvoll-Stongfjorden

Vegen frå kommunesenteret Askvoll til Stongfjorden vart opna i 1946 då vegen gjennom det bratte Stigaberget ved Eidsfjorden var gjennombroten. Før krigen var vegen ferdig frå Stongfjorden og vestover til Frøholm. På vegstrekninga langs Eidasfjorden ligg Stigabergtunnelen (47 meter) og Lynghogtunnelen (20 meter).

Lynghogtunnelen på vegen mellom Stongfjorden og Askvoll er med sine skarve 20 meters lengde den kortaste vegtunnelen i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lynghogtunnelen på vegen mellom Stongfjorden og Askvoll er med sine skarve 20 meters lengde den kortaste vegtunnelen i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen Askvoll-Eimind-Follevåg

vart opna i 1960.

Veg Stubseid-Stavenes

vart bygt kring 1965.

Skorvetunnelen er i dag ein del av vegen mellom Førde og Askvoll. På vestsida tek det av veg til Skjerli. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skorvetunnelen er i dag ein del av vegen mellom Førde og Askvoll. På vestsida tek det av veg til Skjerli. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen Stongfjord-Vågane-Flokenes-Selvik

vart opna kring 1967, og dermed vart det vegsamband mellom Stongfjorden og eit gamalt nett av bygdevegar som fanst i Kvammen-Gjelsvik-området. Seinare gjekk denne vegen inn i riksvegsambandet som vart kalla «Folkelånsvegen», som gav Askvoll-halvøya vegutløysing til Førde langs Førdefjorden. På vegstrekninga ligg Håkleivtunnelen (140 meter) og Skorvetunnelen (480 meter).

Vegen Stavestrand-Vågane

vart opna i 1968.

Kampen om Dalsfjordsambandet

Den 14. desember 2013 vart Dalsfjordsambandet med bru over Dalsfjorden offisielt opna. Bak denne opninga låg ein langvarig kamp. Heilt sidan tidleg på 1970-talet har folket kring Dalsfjorden kjempa for dette sambandet. Tida etter det var prega av det aksjonistane kallar lovnadsbrot. Dei mange vonbrota er opphavet til vegstubben som bruforkjemparane gav namnet «Skandalevegen».

Ålesundet i Førdefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ålesundet i Førdefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førdefjordsbrua - berre ein draum?

Ei bru som kryssar Førdefjorden over det 290 meter breie Ålesundet aust for Kvammen dukka første gong opp i Norsk Vegplan i 1970. Då var det tale om at brua kunne stå ferdig 1978. Seinare var brua over Ålesundet med som ein lekk i kampen om "kyststamvegen" som line for den vestlandske hovudvegen på 1990-talet. Kystfolket tapte kampen om ein kystnær veg som stamline nord-sør på Vestlandet mot den lina som no fylgjer E39.

Folkelånsvegen - ein radikal finansieringsmodell

Folkelånsvegen langs Førdefjorden som vart opna i 1979, gav Askvoll-halvøya ferjefritt til Førde og vart til ved hjelp av ei utradisjonell finansiering.

Fylkesordførar Nils R. Sandal og regionvegsjef Ole Chr. Torpp opna vegsambandet Værlandet-Bulandet. Foto: Steinar Lote, NRK.

Fylkesordførar Nils R. Sandal og regionvegsjef Ole Chr. Torpp opna vegsambandet Værlandet-Bulandet. Foto: Steinar Lote, NRK.

Veg Værlandet-Bulandet

Veganlegget som knyter øysamfunna Værlandet og Bulandet saman vart opna i desember 2003 og omfattar totalt 6,5 kilometer veg med seks bruer og kosta 190 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2013