Hopp til innhold
X
Innhald

Vemund Melvær

Vemund Melvær (1922-1944) frå Askvoll. Fiskar og krigsflygar. Melvær rømde til England 12. august 1941 og gjekk inn i flyvåpenet, der han vart luftskyttar i Marinen sin 330-skvadron. Han omkom då flyet hans kom bort under leiting etter fiendtlege ubåtar over Nordsjøen den 4. oktober 1944. Tildelt Krigsmedaljen og Haakon VII sin medalje post mortem.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2009