Hopp til innhold
X
Innhald

Absalon Pedersøn Beyer

Oppvakt gut

Absalon Pedersøn Beyer (1528-1575). Teolog, lærar, forfattar og historikar. Fødd i Skjerdal i Aurland, og ligg gravlagd ved Vangen kyrkje. Absalon vart foreldrelaus då han var seks år gamal og vart send til onkelen i Bergen. Der gjekk han på latinskule til han var 15 år.

Oppvakt gut

Den protestantiske bispen Gjeble Pedersøn la merke til den oppvakte guten og tok han til seg. Beyer vart ein av dei første norske teologane som var utdanna i den lutherske læra. I 1544 vart Absalon send til universitetet i København der han studerte i fem år. Frå 1549 studerte han under den kjende protestanten Filip Melanchton i Wittenberg, og tok magistergraden der i 1551. I 1552 reiste han tilbake til Bergen og gifte seg med ei syster til studiekameraten, lagmann Søren Pederssøn; Anne Pedersdotter frå Trondheim.

Rektor og slottsprest

Beyer vart lektor ved Bergen Katedralskole i 1553. Frå 1557 til 1564 var han også rektor ved katedralskulen. I 1560 vart han notarius ved Bergen domkapitel, og frå 1566 også slottsprest på Bergenhus.

Første norske dramatikaren

Som skjønnlitterær forfattar oversette han utanlandske skodespel, og skreiv sjølv og fekk framført ”Adams fall” som første norske teaterframsyning 1562. Beyer vert rekna som den første teaterregissøren i Noreg. Bergens Kapitelsbok” (også kalla ”Absalon Pedersøns Dagbok”) som han skreiv i åra mellom 1552 og 1572, er eitt av dei viktigaste kjeldeskrifta i kultur- og sosialhistorie frå 1500-talet. Han skreiv også ”Oration om Mester Geble” – ei hylling til Gjeble Pedersøn som var velyndaren hans i oppveksten. Storverket til Absalon Pedersøn Beyer er likevel historieverket ”Om Norgis Rige”. Dette er det første store topografisk-historiske verket om Noreg. I tillegg til Noregs historie skildrar Beyer også dagleglivet i landet i si samtid i dette verket som vart til etter oppmoding frå slottsherre Erik Rosenkrantz.

Enkja vart brend som heks

Enkja etter Absalon Pedersøn Beyer, Anne Pedersdotter, vart skulda for trolldom medan mannen levde, men vart då frikjend. Femten år etter at den djupt respekterte Absalon var død, vart ho på nytt skulda for trolldom og dømd til døden. Anne Pedersdotter vart brend som heks på Nordnes i 1590. Ein bautastein over Absalon Pedersøn Beyer vart reist ved Vangen kyrkje i Aurland i 1984.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011