Ålmenn kraftforsyning i Aurland

Kraftstasjonen i Flåmsgjelet. Bak ser vi litt av Rjoandefossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kraftverket i Kjosfossen, bygd av Staten i 1898 var lenge det einaste kraftverket i Aurland.
Kraftverk på Dyrdal
I 1923 bygde bøndene i Dyrdal eit lite kraftverk.
Undredal Elektrisitetsverk
I 1931 vart L/L Undredal Elektrisitetsverk skipa og bygde eit lite kraftverk i Undredal.

Leinefalla
I 1931 vart A/S Leinefalla skipa. Kraftverket i Leinafossen i Flåmselva vart bygd i 1932. Kraftstasjonen skulle skaffe straum for elektrisk drift av Flåmsbana.
Anleggsarbeidet der starta i 1923. Kraftstasjonen i Leinafossen skulle i lang tid vere den som forsynte både Flåm og Aurland med straum. Nærøyfjorden vart forsynt frå L/L Vossastrand og Nærøydalen Kraftlag. Flåmsbana vart opna i 1940, og frå 1944 vart kraftstasjonane i Kjosfossen og Leinafossen samkøyrde inn på nettet. Bortsett frå reguleringa i Leinafossen, er Flåmsvassdraget verna.
Aurland kommunale Kraftlag
vart skipa i 1970.
Aurland Energiverk AS
- sjå Aurland kommunale Kraftlag.
Les meir: [Kraftutbygginga i Aurland]]
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 03.06.2011