Hopp til innhold
X
Innhald

Amerika-feber i Aurland

Frå grendene langs Nærøyfjorden  flytta 94 av 300 innbyggjarar frå midten av 1800-talet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Frå grendene langs Nærøyfjorden flytta 94 av 300 innbyggjarar frå midten av 1800-talet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Få kommunar i Sogn og Fjordane har hatt større utvandring til Amerika enn Aurland:

Frå 1845 og dei fylgjande 30 åra førde utvandringa til at folketalet i kommunen minka med omlag ein fjerdepart. Frå slutten av 1700-talet fekk bygdene i Sogn ein sterk auke i folketalet. I Aurland auka folketalet med 47 prosent på berre vel 30 år - frå 1364 i 1769 til 2001 i 1801.

Dei neste 30 åra deretter auka folketalet med 42 prosent, slik at det var oppe i 2845 i 1845. Sjølv om poteta så smått vart teken i bruk i hushaldet på denne tida, og bygdefolket braut mykje ny jord på hovudbruka og rydda over 200 nye husmannsplassar for å skaffe nok mat til den aukande folkemengda, så heldt det ikkje armoda unna.

Løysinga vart Amerika

Frå 1844 til 1865 flytta kring 1000 personar frå Aurland - d.v.s. kring tredjeparten av folketalet på berre 20 år. Langt dei fleste av dei som flytta, drog til Amerika. Utvandringa til Amerika gjorde at folketalet i Aurland gjekk tilbake frå 2.811 i 1845 til 2.132 i 1876.

Hardast gjekk det ut over grendene kring Nærøyfjorden, der budde det kring 300 menneske midt på 1800-talet. 94 av desse flytta ut, 82 til Amerika og 12 til andre stader.

Den største utvandrargruppa til Amerika i dei første åra fram til midten av 1850-talet var jordeigande bønder. Grunnen til dette var nok at reisekostnadane var høge. Mot slutten av den store utvandringbylgja fram til 1875 var husmenn, dagarbeidarar og strandsitjarar i klårt fleirtal.

I Aurland som i resten av indre Sogn, kom den store utvandringsbylgja langt tidlegare enn i resten av Sogn og Fjordane: I åra frå 1846 til 1865 drog det 7500 indresogningar til Amerika, medan det i same bolken reiste berre kring 100 menneske til Amerika frå dei ytre sognebygdene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011