Hopp til innhold
X
Innhald

Anfinn Anderssøn Soop

Anfinn Anderssøn Soop, nemnd 1522, truleg busett i Undredal. Han høyrde til ei lågadeleg ætt.

Anfinn Anderssøn Soop, nemnd 1522, truleg busett i Undredal. Han høyrde til ei lågadeleg ætt.

Soop er i 1522 nemnd som den største skattytaren i Sogn med store eigedomar i Aurland og andre sognebygder og i Hallingdal. Soop-ætta hadde tre blomar i ein vase som våpen.

Eigedomane i Undredal gjekk seinare mellombels over til Peder Hjermann frå Bergen og deretter til rådmann i Bergen, Hans Jensen Ørbech, som la under seg store jordeigedomar i Sogn på slutten av 1600-talet.

Undredals-jorda vart seinare også eigd av fut Peder Iversøn Leganger (sjå Kjende personar i Balestrand fødde før 1850) i Balestrand og fut Annanias Christoffer Harberg i Bjordal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2007