Hopp til innhold
X
Innhald

Anorthositten i Nærøydalen

Steinen frå Nærøydalen blir skipa ut frå denne kaia i Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Steinen frå Nærøydalen blir skipa ut frå denne kaia i Gudvangen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I fjellet kring Gudvangen og mot Mjølfjell ligg eitt av dei største kjende anorthosittsfelta i verda. Målingar viser at om ein tek ut åtte millionar tonn årleg, vil resurssane likevel vare i 300-500 år. Anorthositten i området er delvis av ein kvit og delvis av ein gråblå type. Den sistnemnde, som det er mest av, har størst kommersiell verdi.

Råstoff for aluminium?

Råstoff for aluminium?

Den første kartlegginga av anorthosittførekomstane i Sogn vart gjort av geologen P.V. Goldschmidt i 1917, og ingeniør Haakon Christensen fekk handgjeve rettane til bergvergsdrift i dagen. Han hadde elles sikra seg retten til bergverksdrift i lengre ute både i Næryfjorden og Aurlandsfjorden omlag på same tid. – Sjå artikkelen: Prøveuttak av labradoritt i Bessefjellet. Eitt-to år seinare selde Christensen seg ut av bergverksinteressene sine i Aurland og Gudvangen.

I 1918 sikra Norsk Hydro seg retten til å drive ut anorthositt i Kinsedal på austsida av Lustrafjorden, og bygde ei utskipingskai der. Men det var først under 2. verdskrig at tyskarane satsa på stordrift i Kinsedal gjennom Hydro-selskapa A/S Rjukanfoss og Nordisk Lettmetall. Anorthositten skulle brukast til framstilling av aluminiumoksid. Antortositten inneheld nemleg 30-35 prosent aluminiumsokid, som er råstoffet til aluminium. Anortositten vert elles nytta til kalsiumskarbonat i målings- og papirindustrien. og ammuniumnitrat som m.a. vert nytta i sprengstoff og kunstgjødsel.

– Les meir om gruvedrifta i Kinsedal under Luster kommune i artikkelen Anortositten i Kinsedal.

Noreg sjølvforsynt med aluminiumråstoff?

Noreg sjølvforsynt med aluminiumråstoff?

Særleg i nokre år på slutten av 1960-talet, då det var uvisst om Årdal og Sunndal Verk (no Hydro) kunne sikrast nok aluminiumoksid m.a. frå Jamaica, vart det grundig vurdert om ein kunne starte utvinning i stor skala i Nærøydalen og i Kinsedal.

Men sjølv om det etter kvart viste seg at otten for at Jamaica-leveransane skulle svikte var overdriven, så satsa norsk prosessindustri sterkare på forsking kring bruken av anorthositt som aluminiumråstoff i åra som fylgde: I 1977 skipa det statseigde Årdal og Sunndal Verk og Elkem selskapet Anortal. Staten skaut til halvparten av utgiftene.

På det meste var 80 personar tilsette i Anortal, og det vart nytta i alt 80 millionar kroner til forsking fram til prosjektet vart stogga i 1987, like etter at Hydro hadde teke over ÅSV. I ein liten prøvefabrikk på Kjeller hadde forskarane til då produsert fire tonn aluminium av god kvalitet på anorthositt henta i Nærøydalen.

Luna Mineral AS

Det Voss-baserte Gudvangen Stein AS kjøpte opp bergverksrettane frå 1893 til 1988, og har utover 1990-talet drive i mindre målestokk på anorthositt i Nærøydalen. I 2001 vart det på nytt fremja planar om å utnytte det enorme mineralfeltet kommersielt i stor skala. Aurland kommune, to grunneigarar frå Gudvangen og ein frå Voss skipa då selskapet Luna Mineral AS for å få kontroll over ei eventuell framtidig stordrift.

I 2005 vart det teke ut nær 200.000 tonn stein som vart eksportert til Storbritannia, Tyskland og Sverige, der mineralet vert nytta m.a. til framstilling av isolasjonsmaterialet steinull (rockwool). Selskapet gjennomfører eit forskingsprogram til 2,2 millionar kroner for å kartleggje m.a. utvinningsform og produktområde.

Nærøyfjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nærøyfjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Konflikt med verdsarv i Nærøyfjorden?

Bergverksdrift kan kome i konflikt med landskapsvernet i området. Difor er tanken at både utvinning, lagerhallar og utskipingshamn skal byggjast inne i fjell slik at minst mogeleg synest i turistperla Gudvangen. Vert det drift, har Luna Mineral von om at det kan skape over 200 lokale arbeidsplassar.

Samarbeid Gudvangen-Lutelandet?

I 2005 vart Lutelandet Utvikling skipa i Fjaler med sikte på å få bygd gassbasert storindustri i kystområdet Lutelandet som ligg på grensa mot Hyllestad kommune. Ein av ideane som vert vurdert, er å byggje ein fabrikk som kan utvinne aluminiumoksid og andre produkt som nyttar anorthositt frå m.a. Gudvangen som råstoff.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.05.2011