Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Sunde

Arne Sunde fødd 1936 i Aurland. Lege og politikar. Stod sentralt i kampen om å få bygd sentralsjukehus i Sogn og Fjordane medan han var distriktslege i Askvoll frå 1966–1971.

Formann i Sogn og Fjordane legeforening 1968-1971. Tilsett som assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane 1984, og har i lange periodar fungert som fylkeslege.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2011