Hopp til innhold
X
Innhald

Aurland Fjordstue

Aurland Fjordhotell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Fjordhotell. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Fjordstue vart bygd på Aurlandsvangen i 1972 av Steinar Wangen. Hotellet fekk frå starten 18 rom og 40 senger.
I 1983 selde Wangen til Anders Skjelde frå Ål. Hotellet brann i 1990, vart bygt opp att med 30 rom og 85 senger og fekk no namnet Aurland Fjordhotell. Etter konkurs i 1992 kjøpte valdrisen Steinar Kjærstein Aurland Fjordhotell i 1993. Han dreiv eit par år også Aurlandsdalen Hotell i eit tidlegare messebygg som stod att etter Oslo Lysverker si kraftutbygging i Vassbygdi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011