Hopp til innhold
X
Innhald

Aurland kommunale Kraftlag

Aurland Energiverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Energiverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland kommunale Kraftlag vart skipa i 1970. Då kraftstasjonane til Oslo Lysverker kom på nettet frå 1973, fekk det kommunale kraftlaget i Aurland straum derifrå. Nærøyfjorden vart framleis forsynt frå Voss.

Aurland kommunale Kraftlag gjekk inn i Voss og Omland Energiverk i 1992, men Aurland kommune valde i 1995 å trekkje seg ut av samarbeidet og skipe sitt eige Aurland Energiverk AS. Selskapet har felles administrasjon med Lærdal Energi i grannekommmune, og er medeigar i Lærdal Energi med 13,5 prosent.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011