Hopp til innhold
X
Innhald

Aurland naturverkstad BA

Naturen i Aurland som her frå Flåm og utover Aurlandsfjorden er grunnlaget for Aurland naturverkstad BA. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Naturen i Aurland som her frå Flåm og utover Aurlandsfjorden er grunnlaget for Aurland naturverkstad BA. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland naturverkstad BA vart skipa i 1999 og er eit konsulentselskap innan naturforvaltning. Det er eigd av ni lokale organisasjonar. Det var fleire omstridde vernesaker i Aurland kommune som førde til skipinga av selskapet. Selskapet er oppdragsfinansiert og gjev råd og rettleiing i å skape næring av å utvikle lokale verdiar og identitet. I 2007 sysselset verksemda sju personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.05.2011