Hopp til innhold
X
Innhald

Aurland Sogelag

Aurland Sogelag vart skipa i 1929, og fekk overta den gamle lensmannsstova på Onstad frå Aurlandsfallene AS. Der bygde dei opp «Sivlesamlinga».

«Sivlesamlinga» inneheld kring 100 gjenstandar og bøker etter diktaren Per Sivle. No er denne samlinga flytta til Kulturhuset på Vangen. I 1954 starta laget arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland.

Ei bærande kraft i laget gjennom mange år har vore lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008