Hopp til innhold
X
Innhald

Aurland Sparebank

Aurland Sparebank. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Sparebank. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurland Sparebank vart skipa i 1848 som ein av dei første i fylket. Opptaket til banken vart gjort av Aurland Samtalelag. Men denne første sparebanken måtte innstille etter 20 års drift. Ein ny Aurland Sparebank vart skipa i 1883. Grunnfondet ved skipinga var 1468 kroner som låg att etter det første sparebankforsøket. Sparebanken flytta inn i nybygg i 1958. Banken har filial i Flåm.

I 2010 hadde Aurland Sparebank ein forvaltningskapital på 765 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011