Hopp til innhold
X
Innhald

Aurlandsætta

Storgarden Aurdal i framgrunnen med Aurlandsvangen ved fjorden, slik illustratøren Bernt Kristiansen ser det føre seg at det såg ut rundt år 1000.

Storgarden Aurdal i framgrunnen med Aurlandsvangen ved fjorden, slik illustratøren Bernt Kristiansen ser det føre seg at det såg ut rundt år 1000.

Frå midt på 900-talet rådde den mektige Aurlandsætta etter hersen Brynjulf Bjørnsson i store deler av Indre Sogn. Aurlandsætta hadde ætteband til slektningar i andre norske stormannsætter og til utlandet.

Kongeleg byrd

Ei kvinne som heitte Rannveig hadde nære band til Olav Kyrre og det danske kongehuset. Ho var gift med Svein Ulfsen og var mor til Knud den heilage av Danmark, og einskilde meiner at kong Sverre Sigurdssen si mor, Gunnhild Sultan, kom frå Aurlands-ætta. Her var også band til dei mektige Armødlingane på Giske-godset på Sunnmøre og til Reins-ætta i Trøndelag. Det strekte seg også sterke ætteband frå Aurland til stormannsætter i Skottland og Irland, og Myrmannaætta på Island hadde også slekt i Aurland.

Krossferd

I 1153-1155 var Jon Pedersson frå Aurlands-ætta på krossferd til Jerusalem saman med Ragnvald Jarl.

Då Håkon Håkonsen vart kruna til konge i Bergen i 1247, var det Brynjulv Jonsson frå Aurlands-ætta som fekk det ærefulle vervet å bære festmaten inn på det kongelege bordet.

Les meir om storgarden Aurdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011