Aurlandske Compagnie

På Fetane er det i dag skule og idrettsanlegg. Tidlegare var dette eksersisplassen til Aurlandske Compagnie. Foto: Lars Lie.
Aurlandsvangen var eksersisplass for Aurlandske Compagnie på 1600– og 1700–talet, og fleire offiserar budde fast i bygda.
Den mest kjende offiseren var oberst Jakob Gerhard Meidell sr., kompanisjef frå 1718. Han budde på Vinjum, men flytta seinare til Vangen – sjå Aabelheim.
Sonen Jakob Gerhard Meidell jr. overtok som kompanisjef etter faren, men flytta seinare til Flesje i Balestrand - sjå: Fute- og offisersgarden Flesje. Etter han tok kaptein Mathias Juell (1725-1814) over som kompanisjef fram til 1786.
Ved Vangen kyrkje
Den første eksersisplassen i Aurland låg ved Vangen kyrkje. Seinare flytta ein til Fetane og Lundane. Eit telthus – militært lager – stod ved kyrkjegardsmuren på Vangen. Når dei militære gjekk til kyrkje, kom dei alltid marsjerande som tropp med kompanisjefen i spissen. Soldatane gjekk inn den høge porten på sørsida av skipet i den gamle middelalderkyrkja.
Også i Gudvangen
var det eksersisplass ei tid, og på gjestgjevarstaden Arnehus ( sjå dette) på vestida av Nærøyfjorden budde det ein tid ein kapteinløytnent med det utanlandsklingande namnet Bachley de Tolly. Eksersisplassen i Aurland vart lagd ned kring 1800, då Lærdal, Voss og Vik styrkte sin posisjon som eksersisplassar.
Sjå også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 07.06.2011