Hopp til innhold
X
Innhald

Aurlandsvangen hadde vektar

I eldre dagar vart det tilsett vektarar i mange bygder i fylket - særleg der det var ein noko tettare busetnad. Slik hadde også Aurlandsvangen sin eigen vektar - eller «stotar» og «stotarkonge», som han også vart kalla.

Ein av dei som hadde dette vervet på 1800-talet, var kyrkjetenar Hans Hansen Vinjum (1817–1887).

Vektaren si oppgåve var først og fremst å jage tiggarar og omreisande fantar bort frå bygda. Men han kunne også ha andre oppgåver - m.a. som brannvakt der husa låg tett, slik som på Vikøyri - sjå: Bygdevektaren i Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008