Hopp til innhold
X
Innhald

Aurlandsvassdraget vert selt til Oslo

Hadde Oslo Lysverker fått bygd ut etter planane frå 1960-talet hadde det blitt smått med vatn att i Aurlandsdalen.

Hadde Oslo Lysverker fått bygd ut etter planane frå 1960-talet hadde det blitt smått med vatn att i Aurlandsdalen.

Heilt på slutten av 2. verdskrig gjer naziordføraren i Oslo vedtak om at Oslo kommune skal kjøpe fallrettane i Aurlandsvassdraget for 1,5 millionar kroner. Vedtaket vart stadfesta av bystyret like etter krigen. Men det skulle gå mange år før Oslo Lysverker hadde trong for å byggje ut i Aurland.

Først på slutten av 1960-talet søkte Oslo Lysverker om konsesjon for ei omfattande utbygging der det i første omgang vart teke lite omsyn til naturen: Elva i den vakre Aurlandsdalen skulle så godt som tørrleggjast. Store dammar skulle samle vatnet, og kraftlinene mot Oslo skulle gå svært synleg i himmelsynet mange stader.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011