Hopp til innhold
X
Innhald

Berekvamskaféen

Berekvamskaféen vart starta øvst i Flåmsdalen i 1909 av Ola J. Berekvam. Han fekk då kløyve til å skjenke øl og vin til reisande – med unntak av bygdefolk, skysskarar og grindegutar. Ola dreiv kaféen til han flytta austover i 1918. Brita Vidme tok over og dreiv til Flåmsbana opna i 1940.

Øystein J. Bergkvam, som var son av ein handelsmann i Flåm som heitte Johannes Ø. Bergkvam (sjå A/S Fretheim Landhandleri), starta landhandel i kjellaren under Berekvamskaféen i 1928. Butikken vart lagd ned då anleggsarbeidet på jernbana var fullført.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.05.2011