Hopp til innhold
X
Innhald

Birger Jensen Nedberge

kom frå Bjordal og skifta etternamn frå Hest til Nedberge då han gifta seg og flytta til Undredal. Der starta han landhandel i 1902.

Birger drukna i 1944 då båten hans kvelva i fjorden med ei vedlast. Sonen Jens Nedberge dreiv butikken i Undredal til 1969. Ein annan son til Birger Nedberge, Lars Nedberge, bygde i 1919 ein saftfabrikk i Undredal som han dreiv til 1927.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008