Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Thorsteinsson Fretheim

Bjarne Fretheim tek farvel med Kong Olav etter at kongen hadde vore pasient på Rikshospitalet i seks veker i 1971. Foto: John Myhre, Aftenposten.

Bjarne Fretheim tek farvel med Kong Olav etter at kongen hadde vore pasient på Rikshospitalet i seks veker i 1970. Foto: John Myhre, Aftenposten.

Bjarne Thorsteinsson Fretheim (1907–1983) frå Flåm, busett i Oslo. Dr. med. og professor.

I Vinterkrigen mellom Finland og Russland 1939–1940 gjorde han teneste for Røde Kors og vart dekorert med det finske Fridomskorset.

Fretheim var overlege ved Rikshospitalet og professor ved UiO 1960–1977. I 1970 opererte han kong Olav V for perforert magesår. Same år vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.08.2019