Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørneskyttarar i Aurland

Kristoffer Gunderson Hjellum (1726–1765) frå Undredal var ein kjend bjørneskyttar i Aurland som skaut bjørn i Undredalsmarki i 1752 og 1758. Kristoffer drukna i fjorden i 1765.

Elling Ingebrigtson Otternes på garden Stigen var også bjørneskyttar på 1700-talet: han skaut bjørn i utmarka kring Stigen både i 1751 og 1760.

Erik Iversen Hylland (1714–1788) skaut bjørn ved garden sin i Nærøydalen i 1744. I 1763 vart han eigar av gjestgiveriet på Arnehus på vestsida Nærøyfjorden.

Gjestgjevar Bendik Sjurson Njøs (1684–1753) på Arnehus ved Nærøyfjorden skaut ein bjørn ved Dyrdal i 1742.

Nils Trondsen Hemri (1738–1828) frå Nærøydalen skaut i 1782 ein bjørn i Skjerpishalsen.

Torkel Sygnestveit (ca. 1731-1789) budde på Indreli i Flåm. Han var kjend som ein stor bjørnejeger. Det er kjent at han frå 1769 fekk utbetalt skotpremie på seks bjørnar. Dyra kan ha vorte skotne i såkalla gildrer eller sjølvskot. Ved garden heiter ein stad framleis Sjelskot, ein annan stad Bjørnheller fordi det skulle bjørnehi der i gamle dagar.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018