Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnesoger i Aurland

Teikning frå Illustrert Familieblad i 1891.

Teikning frå Illustrert Familieblad i 1891.

Berga seg frå illsint bjørnebinne

Stupbratte fjordsider som kring Fjærlandsfjorden og fjordarmane i Aurland kommune kunne i eldre tider vere eit ynda tilhald for bjørnen.
Frå høgdegarden Nedbergo ute ved Aurlandsfjorden går det ei soge om ein mann som ein gong stod på ein hammar og kasta kampesteinar ned på ei binne med ungar. Han trefte ikkje, men binna sette i byks oppetter, og mannen berga seg så vidt frå bjørnekjeften ved å klive opp i ei furu.

Hesten vann over bjørnen

På høgdegarden Nedbergo ved Aurlandsfjorden braut ein gong bjørnen seg inn i hamnehagen for å ta hesten.
Men hesten var jarnskodd, reiste seg på to og slo bjørnen i hel. Då folk kom fram, låg bjørnen aldeles sundtrakka av den bryske hesten.

I nærkamp med bjørnen

Kring 1790 kom Endre Gundersen fødd 1874 og ein annan kar frå Aurland i nærkontakt med ein bjørn i Syrdalen. Segna seier at Endre måtte ta ryggtak med bamsen. Det var ein hard kamp, med hjelp av kniv greidde dei å verje seg og berge livet. Men begge vart hardt skadde, og Endre fekk det meste av huda på hovudet flådd av.

Bjørneskyttarar i Aurland

På 1800-talet var det mange som spsialiserte seg som bjørnejegerar.

Drap bjørnen i vatnet

På garden Ramsøy ved Gudvangen hadde ein bjørn ein gong gått til åtak på ein okse og drepe han. Dette skulle hemnast, og væpna med økser rekte karane faret etter bjørnen til fjells. Her oppe greidde dei å jage bjørnen på eit vatn. Kvar gong dyret freista å kome seg i land, hytta dei etter han med øksa. Til slutt var bjørnen så utmasa at ein mann torde kaste seg på vatnet, sumde ut til bjørnen og gav den eit velretta slag i skallen med øksehammaren slik at den daua.

Ei bjørnegildre – ei innretning med sjølvskot. Bjørnegildra på biletet er frå Stordal i Møre og Romsdal og tok livet av den siste bjørnen som vart felt der. Foto: Magne Flem.

Ei bjørnegildre – ei innretning med sjølvskot. Bjørnegildra på biletet er frå Stordal i Møre og Romsdal og tok livet av den siste bjørnen som vart felt der. Foto: Magne Flem.

Drepen i sjølvskot

Det var vanleg å setje opp innretningar for sjølvskot for bjørn i gamle dagar. I 1858 gjekk Oddmund Olsen Giljarhus frå Vossestrand seg i eit slikt sjølvskot i Gildreskori ved garden Ramsøy i Gudvangen og vart drepen. Folk kom til då dei høyrde hunden hans stå og nigøy. Dei såg at Oddmund hadde rive filler av kleda sine for å forbinde såret, men han hadde døydd av blodtapet.

Budeia skaut bjørn

På stølen Hjølmo under Dyrdal var dei ofte plaga av bjørn. Difor vart stølshusa og kvia ikring verna med ein høg steinmur. For å halde bjørnen på avstand vart det ofte tent opp never og sprake på murane. På denne stølen skal ei av budeiene ha skote bjørn med munnladningsgevær. Siste bjørnen i området vart sett i 1915.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018