Hopp til innhold
X
Innhald

Bombinga av Flåm og Gudvangen

Flåmsdalen, der norske soldatar forskansa seg i 1940. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flåmsdalen, der norske soldatar forskansa seg i 1940. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Under krigsutbrotet i april–dagane 1940 vart både Flåm og Gudvangen bomba. Grunnen var at begge stader var sentrale punkt for transport av soldatar og sivile mellom Aust– og Vestlandet.

I Gudvangen søkte den norske soldaten Josef Peter Ersvik frå Bodin under ein stor stein, men vart drepen av bompesplintar. Ei bombe råka eit hus på garden Fet, men fór tvers igjennom huset utan å eksplodere. I Flåm miste kapteinen på eit skip frå Estland livet då han vart råka av ein bombesplint. Skipet vart seinare senka av ein norsk torpedobåt. Bombinga i Flåm varde ei heil veke.

Under tilbaketoget frå Voss mot Gudvangen sprengde dei norske styrkane riksvegbrua i Nærøydalen. Ungdomshuset «Ljom» som står like ved, fekk ein god del skade då brua vart sprengd. I Flåm vart ei lita jente fødd ute under ein steinheller, der mora hadde søkt ly for bomberegnet.

Oppover Flåmsdalen hadde norske soldatar som venta på transport frå Flåm, forskansa seg. Framleis kan ein sjå enkle stillingar som vart bygde av dei norske soldatane i aprildagane 1940.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.06.2011